Åpen dag på Ålhytta 4. oktober — går som planlagt

Det blir Åpen dag på Ålhytta laurdag 4. oktober. Arrangementet vert gjennomført som planlagt sjølv om vêret kan vere rufsete. Hovuddelen av programmet skjer innandørs, og utandørs aktivitetar kan bli avgrensa ved dårleg ver.

Velkomen!

Laurdag 4. oktober, kl. 10.00 – 15.00

Velkomen til Åpen dag

Kom og sjå korleis me har rusta opp Ålhyttetunet i Sangefjellvegen 123.

Her møter du fagfolk innan arkitektur, bygg, interiør, elektro og røyrlegging som kan gi råd om rehabilitering av gamle hytter.

Ålhytta har bygd hytter sidan sekstitalet, i dag er mange eldre Ålhytter klare for rehabilitering.
Ålhytta ynskjer å gi Ålhytteeigarar gode råd om korleis ein best kan ta vare på hytta.

Bytte vindauger

Spørsmålet kan vera om ein skal skifte glasruter eller komplette vindauger i karm?

Etterisolere

Etterisolering av veggane gir ekstra isolasjon og bedre vindtetting.

Reparere eller skifte tak

Det klassiske tretaket held lenge, men alt har ein ende.

Refundamentering

Står hytta på sviktande grunn kan refundamentering vera relevant.

Utsleppsløyve

Mange eldre hytter har ikkje innlagt vatn/avløp. Er det aktuelt å søkje om utsleppsløyve?

Ombygging/tilbygg

Behovet for plass endrar seg, er det på tide med eit ekstra soverom?

Ruste opp kjøkken/bad

Innlagt vatn og avløp gjer det mogeleg å ruste opp kjøkken og bad på hytta.

Oppgradere interiør

Dagseng og sofa vert som ny med nye madrasser og puter.

Skifte ovn/pipe

Renovering av ovn og pipe gir bedre effekt og tryggare hytte.

Elektro/VVS

Anlegg på eldre hytter tilfredstiller ofte ikkje dagens krav, kva om ein ynskjer seg elbillader på hytta?

«Kom og sjå korleis me har rusta opp Ålhyttetunet i Sangefjellvegen 123.»
Knut Arne Liodden, Ålhytta

Vedfyrt badstugu

Kva med ei frittståande vedfyrt badstugu? På Åpen dag kan du ta ein titt og prøvebade.

Den vedfyrte badstugu er kompakt og har same stramme designspråket som ei Ålhyte.

«Visste du at å ta badstugu er bra for nærmiljøet ditt? Du veit; god stemning og godt humør – det smittar.»

Planer om å rehabilitere?

Går du med planer om å rehabilitere ei gamal hytte? Fyll ut kontaktskjemaet for ein uforpliktande prat med våre fagfolk.

Sangefjellvegen 123

Sangefjellvegen 123 er eit femti år gamalt Ålhyttetun med syttitalsstandard. Gjennom 2025 har Ålhytta klargjort tunet for å møte dagens krav.

2024
2025

Sangefjellvegen 123 – verdt å ta vare på

Gjennom 2025 rustar Ålhytta opp Sangfjellvegen 123 som på ein-to-tre, kan gi eigarar gode råd om å ta vare på hytta.

Del 1a

1. april

Gamalt blir nytt

Me deler planen for korleis Sangefjellvegen 123 skal rustast opp for å møte dagens krav.

Del 1b

11. april

Kvar går grensa

Har tomtegrensa uklare grensemerke? Tomta er ikkje innteikna på offentlege kart, eller gamal dokumentasjon er vanskeleg å forstå? Treng du kanskje hjelp?

Del 2

25. april

Er hytta trygg?

Eldstad, omnsrøyr og pipeløp kan ha lang levetid. Det er tilstanden som avgjer. Særleg i eldre hytter kan det vera fleire ulike brannfeller.

Del 3

9. mai

Endring av planløysing og fasadar: Er byggeløyve nødvendig?

Planar, lover og forskrifter regulerer alle endringar som blir gjort med ei hytte eller i eit hyttetun. Denne episoden vil peike på ein del av det generelle regelverket.

Del 4

23. mai

Riving og avfallshandtering

Avfall som blir kasta skal du sortere og levere til faste mottak. Kva kan brukast om att i eige byggeprosjekt eller i andre bygg?

Del 5

6. juni

Graving og fundamentering

Graving i naturen er omstridt. Men er det først gitt løyve til å bygge hytte, er som regel graving heller ikkje til å unngå. Målet bør vera å ikkje ta hol på meir vegetasjon enn nødvendig.

Del 6

20. juni

Rein varme – lun hytte

Mykje kan gjerast for å ta vare på varmen og redusere CO2-utsleppet. Nye vindauge, etterisolering, vindtetting, reintbrennande vedomn for å nemne noko.

Del 7

4. juli

Gamal beis til «besvær»

Hytteveggen må tole hardt vêr. År med vind og snøfokk slit på ytterkledningen. I solveggen turkar veggen fortare ut. Der sola ikkje slepp til vert det ofte fuktigare og kledningen kan bli utsett for svartsopp.

Del 8

18. juli

Lys og lading

For nokre tiår sidan var hyttelivet enklare. Ei parafinlampe var gjerne lyskjelda, vedfyring var varmekjelde, og middagen vart laga til på eit propanapparat med eitt eller to bluss.

Del 9

1. august

Frå vaskefat til dusj

Så å seie alle nye hytter i regulerte felt har innlagt vatn og avløp. Hytter bygd nokre tiår attende i tid var gjerne utan slike fasilitetar.

Del 10

5. september

Fleksibelt byggesystem

Vår hytte på Sangefjellet blir tilbakeført og oppgradert med det originale byggesystemet. Nytt kjøkken og bad er dei store ombyggingsprosjekta.

Del 11

12. september

Design som standard

Ålhytteinteriøret er tidlaust. Om gamalt skal bli nytt, er det viktig å ta vare på identiteten og å vera tru mot estetikken frå den tidsperioden hytta vart bygd.

Del 12

26. september

Ferdig hytte

Frå enkel standard til ei moderne høgstandardhytte. Men atmosfæra er tatt vare på.

Del 13

10. oktober