Riving og avfallshandtering

«Med godt samarbeid kan me få til meir ombruk og mindre avfall.»

Bernt Ivar Bergum, Retura Val-Hall

Laga av Erlend Hagen, Bård Svardal, Eldgrim Springgard og Stein Hofve.

Kast eller ombruk

For eit par generasjonar sidan vart svært lite kasta. Det meste vart brukt om att. Materialane vart ofte rekna som like gode. Så skulle alt bli meir kostnadseffektivt. Dei siste tiåra har det vore vanleg å kaste det meste. Svært lite har blitt tatt vare på. Avfallsberget har stadig blitt større. Den siste tida har ombruk og ressursutnytting igjen blitt meir aktuelt. Avfallsmottak legg til rette for sortering, og folk flest er i ferd med å bli flinkare til å vurderer om brukte materialar og det som blir til overs på byggeplassen, kan komme til nytte.

«Sortert avfall kan gå til materialgjenvinning eller energigjenvinning.»

Bernt Ivar Bergum, Retura Val-Hall

Kreosottak er spesialavfall.

Avfall eller ombruk?

Demontering av tak

Uoriginalt tilbygg blir fjerna.

Kunne materialar vore nytta om igjen?

Riving og sortering

Alt avfall etter riving skal til eit avfallsmottak. Private skal som hovudregel sortere alt avfall før levering. Då kan avfallet komme til nytte i energiproduksjon og materialgjenvinning. Det er særleg viktig å sortere ut farleg avfall som ved forbrenning fører til skadelege utslepp. Det er også viktig å hugse på at alle som skal rive meir enn 15 kvm må søke kommunen om løyve.

«Eldre sortar impregnering som kreosot er å definere som farleg avfall.»

Bernt Ivar Bergum, Retura Val-Hall

Avfallslevering

Ein privat hytteeigar som betalar renovasjonsgebyr, kan levere ei avgrensa mengde avfall til næraste mottak. Bedrifter betalar for mengde avfall som blir levert, ofte som såkalla «Blanda avfall». Ein privatperson som gjennomfører eit større renoverings – eller byggeprosjekt, kan leige ein container. Dette blir rekna som næringsavfall, og det blir ikkje dekka av renovasjonsgebyret. Det må gjerast avtale om pris med Retura eller eit containerselskap.

«Det er eit mål å auke graden av ombruk og materialgjenvinning.»

Bernt Ivar Bergum, Retura Val-Hall

Kva er blanda avfall?

I ein container kan også private levere «Blanda avfall», men kva er det?

Dette KAN i blanda avfall

  • Bygningsmaterialar
    som reint og overflatebehandla treverk
  • Små mengder metall
    som spiker og beslag
  • Tekstilar
    som kler, tepper, sengetøy, gardiner (som ikkje kan gjenvinnast)
  • Plast (hardplast)
  • Isopor og isolasjon
    NB: isolasjon på rør kan innehalde asbest
  • Sanitærporselen, keramikk
  • Papp
    som takpapp og papir
  • Møblar
    som ikkje kan brukast om att

Dette skal IKKJE i blanda avfall

  • Isolerglasruter
    med PCB eller kloparafin
  • Gips
  • Elektrisk og elektronisk avfall
  • Store mengder metall
    som kjelar, butikkinnreiing m.m.
  • Dekk
  • Matavfall
  • Flytande avfall
  • Rein masse
    som jord, stein, tegl, takstein, fyllmasse, fliser eller betong
  • Forureina masse
  • Eternit og avfall som inneheld asbest
  • Golvbelegg og flis av vinyl
  • Takfolie
  • Varmepumper og kjølerom

Ombruk av materialer

Avfallsmottak arbeider stadig for å bli betre på gjenvinning og ombruk. Trevirke blir i større grad sortert. Mykje går til flisfyring og energiproduksjon. Men mykje avfall burde ikkje vore kasta. Den som riv bør i større grad vurdere om materialane kan brukast om att. Kanskje kan ein demontert vegg komme til nytte i eit uthus? Tidlegare vart heile hus, særleg lafta bygg, rive ned og sett opp att. Kast er ofte sløsing og dårleg ressursutnytting.

«I staden for riving bør me over på demontering. Då kan me bruke materialane på nytt.»

Bernt Ivar Bergum, Retura Val-Hall

Knut Arne Liodden,
Avdelingsleiar for produksjon

Skal du gjera noko med hytta?
Vi hjelper deg!

Visste du at Ålhytta kan hjelpe deg med rehabilitering, tilbygg og anneks til alle typer hytter og hus? Kontakt våre fagfolk.

Kvifor bruke oss når du skal ruste opp Ålhytta?

For det er Ålhytta som kan Ålhytta!

I neste del som kjem 20. juni:

Graving og fundamentering

Graving må som regel til; av tomt og tuft, grøft for vatn og straum, veg og parkering, drenering og fundamentering.

Del 4

23. mai. 2025

Endring av planløysing og fasadar: Er byggeløyve nødvendig?

Planar, lover og forskrifter regulerer alle endringar som blir gjort med ei hytte eller i eit hyttetun. Denne episoden vil peike på ein del av det generelle regelverket.
Les heile saka ›

Del 3

9. mai. 2025

Er hytta trygg?

Eldstad, omnsrøyr og pipeløp kan ha lang levetid. Det er tilstanden som avgjer. Særleg i eldre hytter kan det vera fleire ulike brannfeller.
Les heile saka ›

Del 2

25. april. 2025

Kvar går grensa

Har tomtegrensa uklare grensemerke? Tomta er ikkje innteikna på offentlege kart, eller gamal dokumentasjon er vanskeleg å forstå? Treng du kanskje hjelp?
Les heile saka ›

Del 1b

11. april. 2025

Gamalt blir nytt

Me deler planen for korleis Sangefjellvegen 123 skal rustast opp for å møte dagens krav.
Les heile saka ›

Del 1a

1. april. 2025

Sangefjellvegen 123 – verdt å ta vare på

Gjennom 2025 rustar Ålhytta opp Sangfjellvegen 123 som på ein-to-tre, kan gi eigarar gode råd om å ta vare på hytta.
Les heile saka ›