Rein varme – lun hytte

«I gamle hytter vart vindsperra kappa og klemt inn mot søyla. Når treverket turka vart det glissent».

Knut Arne Liodden, Ålhytta

Laga av Erlend Hagen, Bård Svardal, Eldgrim Springgard og Stein Hofve.

Villa gjennomtrekk

Tidlegare kunne hytter vera trekkfulle hus der varmetapet var stort. Byggemetodane var enklare. Energisparing var sjeldan tema, og hyttene var ofte heller ikkje tenkt til heilårsbruk. Har du ei eldre hytte, der temperaturen inne i for stor grad svingar i takt med vind og vêr, kan det svara seg å gjennomføre energitiltak.

Byggteknikkane har endra seg mykje sidan 70-talet. For vår del blir det gjort ei rekke tiltak ved den over 50 år gamle Ålhytta på Sangefjellvegen 123. Tiltak som skal gjera hytta lunare og meir energiøkonomisk – mindre straumforbruk og CO2-utslepp.

Ekstra isolasjon gir lunare hytte.

Utlekta og nyisolert med opningar til nye glas.

Heil vindsperre over hjørne, skøytar og glasrammer.

Alle gamle glas blir skifta ut med trelagsglas i ramme.

Ny vegg med ekstra isolasjon og heildekkande vindsperre.

Tiltak som gir energisparing og lunare hytte:

  • Skifte glas
    I gamle Ålhytter vart glasrutene bygd rett inn i reisverket. I hytta vår, Sangefjellvegen 123, var også mange av glasrutene punkterte. No blir det sett inn nye trelagsglas i karm.
  • Etterisolere veggar
    For gamle Ålhytter er det mest vanleg å lekte ut 5 cm som gir plass til 5 cm ekstra isolasjon utanpå den gamle. Det kan også vera lurt å byte ut gamal isolasjon viss den er dårleg (fuktskade eller musereir). Utlekting av veggane gir også plass til nye trelagsglas i karm.
  • Betre vindtetting
    Vindtetting er eit av dei viktigaste tiltaka mot varmetap. Særleg er det viktig å tette godt rundt glas og dørar og over skøytane mellom elementa. Tidlegare vart tetting gjort med papp som vart pressa inn mot karmar og element. Pappen vart også kappa ved alle søyler. Viss treverket kraup, vart det ein opning og tettinga vart dårleg. I dag blir det trekt ein vindtett duk i heile lengderetninga og forbi alle søyler. Duken blir festa med tape rundt alle opningar og i elementskøytar.

Vindtetting: Vindsperre og ny ytterdør vil gi meir stabil innetemperatur.

  • Ny ytterdør
    Den gamle ytterdøra «lek som ein sil». Nytt inngangsparti med ny dør er difor eit godt energitiltak.
  • Oppgradering av eldstad
    Ny effektiv reintbrennande omn er betre både for varme og miljø. Mindre fyring for kråka.
Knut Arne Liodden,
Avdelingsleiar for produksjon

Skal du gjera noko med hytta?
Vi hjelper deg!

Visste du at Ålhytta kan hjelpe deg med rehabilitering, tilbygg og anneks til alle typer hytter og hus? Kontakt våre fagfolk.

Kvifor bruke oss når du skal ruste opp Ålhytta?

For det er Ålhytta som kan Ålhytta!

«Før vart glasrutene montert rett inn i reisverket utan karm»
Knut Arne Liodden, Ålhytta

I neste del som kjem 18. juli:

I vind og vêr

Ytre overflater må tåle hardt vêr. Men korleis vedlikehalde hytta? Og kva om «gamle synder» boblar og flassar av?

Del 13

10. oktober. 2025

Ferdig hytte

Frå enkel standard til ei moderne høgstandardhytte. Men atmosfæra er tatt vare på.
Les heile saka ›

Del 12

26. september. 2025

Design som standard

Ålhytteinteriøret er tidlaust. Om gamalt skal bli nytt, er det viktig å ta vare på identiteten og å vera tru mot estetikken frå den tidsperioden hytta vart bygd.
Les heile saka ›

Del 11

12. september. 2025

Fleksibelt byggesystem

Vår hytte på Sangefjellet blir tilbakeført og oppgradert med det originale byggesystemet. Nytt kjøkken og bad er dei store ombyggingsprosjekta.
Les heile saka ›

Del 10

5. september. 2025

Frå vaskefat til dusj

Så å seie alle nye hytter i regulerte felt har innlagt vatn og avløp. Hytter bygd nokre tiår attende i tid var gjerne utan slike fasilitetar.
Les heile saka ›

Del 9

1. august. 2025

Lys og lading

For nokre tiår sidan var hyttelivet enklare. Ei parafinlampe var gjerne lyskjelda, vedfyring var varmekjelde, og middagen vart laga til på eit propanapparat med eitt eller to bluss.
Les heile saka ›

Del 8

18. juli. 2025

Gamal beis til «besvær»

Hytteveggen må tole hardt vêr. År med vind og snøfokk slit på ytterkledningen. I solveggen turkar veggen fortare ut. Der sola ikkje slepp til vert det ofte fuktigare og kledningen kan bli utsett for svartsopp.
Les heile saka ›