Verdt å ta vare på.

«Alt det viktige,
som det er verdt å ta vare på.»

  

Laga av Erlend Hagen, Bård Svardal, Eldgrim Springgard og Stein Hofve.

Femti år er ingen alder for ei Ålhytte

Ja vel, då. Kanskje litt dårleg isolert etter dagens krav, kanskje er ikkje alle fasilitetane slik dei gjerne skulle vore, og litt trongt kan det bli. Det kan så vera. Men alt dette er det enkelt å forandre på – med ei Ålhytte. For det viktige står seg. Den tidlause arkitekturen, naturtomta med fleire mindre hus rundt den vesle fjellbjørka som med åra har vorte eit tuntre til å klatre i, og alt det gamle som sit i veggane. Alt det viktige, som det er verdt å ta vare på.

Fakta om hyttetunet

Bygg
Areal
Byggeår

Hytte
49,5 kvm.
1974

Uthus
10 kvm.
1975

Anneks
10 kvm.
1985

Tomta til hyttetunet er 3 500 kvm.

«Hyttedraumen er ikkje den same i dag som på seksti- og syttitalet.»

  

Den vesle Ålhytta frå 1974 er utvida fleire gonger.

Mykje av det originale Ålhytta-interiøret er bytta ut.

Intimt og tett med tuntre og terrasse.

Både baderom og vindfang er bygd på seinare.

I blåtimen, like før det er godt å komme inn.

Hyttedraumen

Hyttedraumen er ikkje den same i dag som på seksti- og syttitalet, den gongen bilen stod parkert på ei lomme langs vegen. Innlagt vatn var luksus, og ei utedoløysing var det vanlege. Parafin eller eit spinkelt straumnett ga lys i lampa, mens oppvarminga kom frå vedfyring åleine.

I ein liten kjøkenkrok stod propanapparatet med eitt eller to kokebluss. I ein krok stod vaskefatet og såpekoppen. Reint vatn vart bore inn, og gråvatnet vart tømt utanfor hytteveggen. Og den innvendige boltreplassen var begrensa til nokre få kvadratmeter. Dette enkle hyttelivet kan mange like den dag i dag, men for fleirtalet har hyttedraumen endra seg i takt med samfunnsutviklinga.

«For fleirtalet har hyttedraumen endra seg i takt med samfunnsutviklinga.»

  

Enkel standard: Enkelt kjøkken og anneks.

Byggemåtane var enkle og langt i frå dagens standard. Drenering var sjeldan tema, enkel fundamentering kunne lett føre til telehiv og setningsskadar, og vindauge og veggar var dårleg isolerte.

«Reint vatn vart bore inn, og gråvatnet vart tømt utanfor hytteveggen.»

  

Mykje å ta stilling til

Byggeforskriftene har endra seg mykje fram til i dag. Det er nok å ta tak i for den som vil bygge om ei hytte eller eit hyttetun til dagens krav.

  • Kva skal hytta innehalde av fasilitetar og komfort?
  • Kva må til for å gjera hytta meir energiøkonomisk?
  • Korleis bygge på utan å øydelegge arkitekturen?
  • Kor mykje straum er det bruk for når elbilen treng lading?
  • Er det bruk for ein biloppstillingsplass?
  • Korleis ta vare på naturtomta?
  • Vil tuntreet overleva ein byggeperiode?

Me i Ålhytta vil gjerne hjelpe deg med å finne gode løysingar på slike spørsmål.

Historia 1972 - 2024

Hyttetomt

Ein haustdag i 1972 er tre karar oppnemnd av lensmannen i området mellom Langtjørne og Bergstølen på Sangefjell i Ål. Oppdraget er å gjennomføre ei skylddelingsforretning for å skilje ut ei hyttetomt.
Når arbeidet er ferdig, er fire grensesteinar sett ned i terrenget for den 3,5 mål store eigedomen Sangefjellvegen 123.

Ei enkel skisse gjorde nytten i 1972.

1972

Ålhyttebygging

Snikkerar frå Ålhytta monterer hytta på 37 kvm som har plass til to soverom, stugu og eit lite kjøkken. Inngangspartiet er trekt inn med utvendig dør til toalett. Ei enkel lita hytte i tråd med samtida.

Planteikning

Fasade sør

Fasade aust

Fasade nord

Fasade vest

1974

Uthus

På hytta blir det gjerne behov for å lagre syklar, ski, fiske- og turutstyr, verktøy og ved. Eit uthus er ei smart løysing.

Uisolert uthus - 10 kvm.

1975

Anneks – ekstra soverom

Familien veks? Gjester kjem på besøk? Då er eit anneks ei god løysing. Ein ekstra bygning på tomta rammar også inn gode uterom. Hyttetunet blir komplett.

Isolert anneks - 10 kvm.

Vedovn for oppvarming.

Tilbygget frå nord

Tilbygget frå sør

1985

Baderom - tilbygg

På ei enkel hytte utan innlagt vatn, er baderomfasilitetane begrensa.
Difor blir eit eige lite baderom ei vesentleg standardheving.

Baderom

Tilgang gjennom soverom

Tilbygget frå nord

Tilbygget frå sør

2005

Ny inngang

Originalt hadde hytta inntrekt inngang som alle Ålhytter på syttitalet. Så blir inngangspartiet bygd om. No kan alle gå på do i sokkeleisten.

VIndfanget frå søraust.

Inngangspartiet etter ombygging.

2008

Større hytte

Det fleksible byggesystemet gjer det enkelt å utvide lengda på hytta. Ved å forlenge hytta med ein halv akse, blir opphaldsrommet vesentleg større.

Hytta forlenga mot aust.

Større opphaldsrom.

2012

Ålhytta kjøper eigedomen

Ålhytta kjøper Sangfjellvegen 123 for å ruste opp hyttetunet og dele dette arbeidet med andre som ynskjer å ta vare på hytta.

Ålhytta overtek hyttetunet frå megler.

2023

Prosjektering og Åpen dag

Det er mykje å ta tak i, og oppgraderinga må planleggast og prosjekterast.På Åpen dag 5. oktober blir tekningar for ei planlagt ombygging av hytta presentert.

Inspeksjon av dårlege fundament på tilbygg.

Mange kom innom Åpen dag i hyttetunet.

2024

«Gjennom 2025 rustar Ålhytta opp Sangfjellvegen 123 som på ein-to-tre, kan gi eigarar gode råd om å ta vare på hytta.»

  

Her ligg Sangefjellvegen 123

Fin plassering: Den 3500 kvm store tomta gir hyttetunet eit godt rom.

Knut Arne Liodden,
Avdelingsleiar for produksjon

Skal du gjera noko med hytta?
Me hjelper deg!

Visste du at Ålhytta kan hjelpe deg med rehabilitering, tilbygg og anneks til alle typer hytter og hus? Kontakt våre fagfolk.

I neste del som kjem 11. april:

Gamalt blir nytt

Sangefjellvegen 123 er eit oppgraderingsprosjekt, men skal også bli ein kunnskapsbase med idear og gode råd til den som vil ta vare på eldre Ålhytter.