Lys og lading

«Hytter med 16 amper hovudsikring er ingen ting i dag.»

Arne Bakken, Ål installasjon

Laga av Erlend Hagen, Bård Svardal, Eldgrim Springgard og Stein Hofve.

Frå parafinlampe til elbil-ladar

For nokre tiår sidan var hyttelivet enklare. Ei parafinlampe var gjerne lyskjelda, vedfyring var varmekjelde, og middagen vart laga til på eit propanapparat med eitt eller to bluss. På 70-talet kom solcelleanlegga i bruk. Det var eit stort framsteg å få godt leselys på hytta.

Slik vil mange framleis ha det – og med god grunn. Det enkle hyttelivet har ein eigen sjarm, og det er mindre ressurskrevjande og ofte meir miljøvennleg. Men for fleirtalet har behovet for hyttestraum endra seg. Meir av oppvarminga er elektrisk, koketopp og steikeomn er den nye hyttestandaren, og stadig fleire kjem til hytta i el-bil.

«I tillegg til det estetiske, gir ein jordkabel betre jording»
Arne Bakken, Ål installasjon

Hyttestraum før og no

I eldre hytter med gamle anlegg er hovudsikringen ofte berre på 16 amper. Det er ingen ting, i følge fagfolk. I dag treng berre koketoppen 20-25 amper. I tillegg kjem steikeomn, oppvarming og elbil-ladar. Dei fleste kursane var tidlegare på 10 amper. I dag bør kursane vera på minst 15 amper. Mange eldre hytter treng difor å auke straumtilførselen.

Sangefjellvegen 123: Enkel standard, lågt forbruk og lite sikringsskåp.

Kva gjer du når hytta treng meir straum?

Treng du meir straum må du søke nettselskapet, som i Hallingdal er Føie, om større hovudsikring. Det kan vera lurt å søke råd hjå ein elektrikar for å vite kor stor hovudsikring du treng. Elektrikaren sender i tillegg inn ein søknad som beskriv det tekniske arbeidet som skal gjerast. Dette er meir ein formalitet, og så snart nettselskapet godkjenner søknaden, kan arbeidet starte.

Det vanlege er å installere nytt utvendig skåp med ny hovudsikring og delvis nytt elektrisk anlegg. Det kan ofte vera like lurt å behalde dei gamle kursane, og heller legge opp nye strekk til nye elektriske installasjonar.

Luftstrekk eller jordkabel

Før gjekk all straum gjennom luftstrekk. I dag er det meir vanleg å legge tilførselen i ein jordkabel. Viss ein likevel må grave, og trafoen ikkje er for langt unna, kan det vera like greitt å bli kvitt eit skjemmande luftstrekk. Det er netteigaren som eventuelt ordnar med jordkabel.

Er trafoen stor nok?

Dersom straumnettet er av eldre dato, kan trafoen og kablane fram, bli ein bøyg. Nettet leverer ikkje nok straum. Viss nettselskapet må utvide kapasiteten, bør hytteeigarane i området samarbeide og dele på kostnaden med å få fram meir straum. Nettselskapet vil alltid kunne levere straum, men må du ta kostnaden åleine kan prisen bli høg.

Ny kabelgrøft langs ny veg inn til Sangefjellvegen 123.

Graving med hand må til nær trafokiosken.

Ny kabel vil dekke straumbehovet til oppgradert hytte.

Fylling av finmasse i grøfta langs bilvegen.

Skjemmande luftstrekk blir fjerna.

Lading av elbil

Er det nødvendig med ny hovudsikring om du installerer ny elbil-ladar? Ikkje nødvendigvis. Med ein rimeleg god hovudsikring kan den rette ladaren regulere ladinga. slik at den berre ladar når det er ledig kapasitet i hyttenettet.

Knut Arne Liodden,
Avdelingsleiar for produksjon

Skal du gjera noko med hytta?
Vi hjelper deg!

Visste du at Ålhytta kan hjelpe deg med rehabilitering, tilbygg og anneks til alle typer hytter og hus? Kontakt våre fagfolk.

Kvifor bruke oss når du skal ruste opp Ålhytta?

For det er Ålhytta som kan Ålhytta!

I neste del som kjem 15. august:

Frå vaskefat til dusj

Sangefjellvegen 123 ynskjer innlagt vatn og vassklosett. Men kva seier reguleringsplanen? Og kva er alternativa for utsleppet?

Del 8

18. juli. 2025

Gamal beis til «besvær»

Hytteveggen må tole hardt vêr. År med vind og snøfokk slit på ytterkledningen. I solveggen turkar veggen fortare ut. Der sola ikkje slepp til vert det ofte fuktigare og kledningen kan bli utsett for svartsopp.
Les heile saka ›

Del 7

4. juli. 2025

Rein varme – lun hytte

Mykje kan gjerast for å ta vare på varmen og redusere CO2-utsleppet. Nye vindauge, etterisolering, vindtetting, reintbrennande vedomn for å nemne noko.
Les heile saka ›

Del 6

20. juni. 2025

Graving og fundamentering

Graving i naturen er omstridt. Men er det først gitt løyve til å bygge hytte, er som regel graving heller ikkje til å unngå. Målet bør vera å ikkje ta hol på meir vegetasjon enn nødvendig.
Les heile saka ›

Del 5

6. juni. 2025

Riving og avfallshandtering

Avfall som blir kasta skal du sortere og levere til faste mottak. Kva kan brukast om att i eige byggeprosjekt eller i andre bygg?
Les heile saka ›

Del 4

23. mai. 2025

Endring av planløysing og fasadar: Er byggeløyve nødvendig?

Planar, lover og forskrifter regulerer alle endringar som blir gjort med ei hytte eller i eit hyttetun. Denne episoden vil peike på ein del av det generelle regelverket.
Les heile saka ›

Del 3

9. mai. 2025

Er hytta trygg?

Eldstad, omnsrøyr og pipeløp kan ha lang levetid. Det er tilstanden som avgjer. Særleg i eldre hytter kan det vera fleire ulike brannfeller.
Les heile saka ›