Kvar går grensa?

«Grensen begynder på nordsiden av Røungsvegen på en jordfast stein merket med kross …. mot øst i 50 meter der det settes en merkestein med vidner, ….. til en stor stein på nordsiden av Røungvegen merket med kross, …. langsmed Røungvegen fram til utgangspunktet.»

Frå Skylddelingsforretninga for Sangefjellvegen 123, laurdag 16. september 1972

Tomtegrense: Ei enkel skisse fastsette tomtegrensa i 1972.

Jordskifteretten i arbeid for å avklare tomtegrensa.

«Grensemerkinga kunne vera mangelfull. Krossmerket vart utegløymt eller merkesteinen kom aldri heilt på plass.»

 

Laga av Erlend Hagen, Bård Svardal, Eldgrim Springgard og Stein Hofve.

Skylddeling eller kartforretning?

I 1980 kom Delingslova. Gjennom ei offentleg utført oppmåling, ei såkalla kartforretning, vart alle grensepunkt koordinatfesta og nye tomtegrenser vart synlege i kartverket. Før 1980 var det som regel tre lekfolk, skylddelingsmenn oppnemnt av lensmannen, som gjennomførte ei skylddeling. Grensemerkinga kunne vera mangelfull. Krossmerket vart utegløymt eller merkesteinen kom aldri heilt på plass. Eller tomta vart aldri teikna inn i det offentleg kartverket. Då er tomta merka berre med eit åttekanta symbol. I slike tilfelle kan det vera greitt å få stadfesta kvar grensa går.

«Finn ein minst to grensemerke, er det stor sjanse for at kommunen kan rekonstruere tomta.»

Kommunen: Fyrste steg for grenseavklaring er kommunen.

Jordskifteretten: Siste utveg er Jordskifteretten.

Når grensa er uklar

Om det finns fysiske merkesteinar i terrenget, kan kommunen gjera ei ny oppmåling av tomta og sørge for at tomtegrensene blir lagt inn i kartverket. Dersom merkinga av tomta er for mangelfull, må jordskifteretten ta over. Jordskifteretten har mynde til å fastsette uklare grenser. Det startar med eit rettsmøte på tomta. Til dette møtet blir tomteeigar og eigar av nabotomter kalla inn. Målet er å finne gode løysingar for partane. Etter ei formell avklaring startar arbeidet i terrenget.

Over grensa: Har du bygd på nabotomta?

Etter den gamle skyldfordelinga er det gjerne ei kartskisse å gå etter. Og dukkar det opp grensemerke, er dei styrande for grensesettinga. Jordskifteretten kan også i samråd med partane justere grensa. For Sangefjellvegen 123 var det for eksempel praktisk å dra grensa inn til eksisterande veg med tanke på innkøyring og biloppstillingsplass.

Feltarbeid: Leite etter gamle grensemerke og sette ut nye.

Kjenn tomtegrensa før du endrar på hytta

Det skal vera minst fire meter til nabogrensa. Difor er det nødvendig å vite nøyaktig kor grensa går. Det har skjedd at hytter ved utviding har kome over på naboeigedomen. Dette kan skape ugreitt naboskap. Kjenner du grensa kan du trygt vite at du har retten på di side.

Etter ei god øykt i felten er den nye tomtegrensa klar.

«Det hender at det er bygd på naboens grunn.»

Hermann Haugen, Vestre Viken jordskifterett

Nytt GPS-registrert grensemerke omkransa av steinar – no er grensa klar.

Knut Arne Liodden,
Avdelingsleiar for produksjon

Skal du gjera noko med hytta?
Me hjelper deg!

Visste du at Ålhytta kan hjelpe deg med rehabilitering, tilbygg og anneks til alle typer hytter og hus? Kontakt våre fagfolk.

Kvifor bruke oss når du skal ruste opp Ålhytta?

For det er Ålhytta som kan Ålhytta!

I neste del som kjem 9. mai:

Er hytta trygg?

Eit branntilsyn kan vurdere tilstanden på ovn, peis og pipe på eit fagleg nivå. Det er smart å be om tilsyn. I verste fall kan det bli for seint.

Del 9

1. august. 2025

Lys og lading

For nokre tiår sidan var hyttelivet enklare. Ei parafinlampe var gjerne lyskjelda, vedfyring var varmekjelde, og middagen vart laga til på eit propanapparat med eitt eller to bluss.
Les heile saka ›

Del 8

18. juli. 2025

Gamal beis til «besvær»

Hytteveggen må tole hardt vêr. År med vind og snøfokk slit på ytterkledningen. I solveggen turkar veggen fortare ut. Der sola ikkje slepp til vert det ofte fuktigare og kledningen kan bli utsett for svartsopp.
Les heile saka ›

Del 7

4. juli. 2025

Rein varme – lun hytte

Mykje kan gjerast for å ta vare på varmen og redusere CO2-utsleppet. Nye vindauge, etterisolering, vindtetting, reintbrennande vedomn for å nemne noko.
Les heile saka ›

Del 6

20. juni. 2025

Graving og fundamentering

Graving i naturen er omstridt. Men er det først gitt løyve til å bygge hytte, er som regel graving heller ikkje til å unngå. Målet bør vera å ikkje ta hol på meir vegetasjon enn nødvendig.
Les heile saka ›

Del 5

6. juni. 2025

Riving og avfallshandtering

Avfall som blir kasta skal du sortere og levere til faste mottak. Kva kan brukast om att i eige byggeprosjekt eller i andre bygg?
Les heile saka ›

Del 4

23. mai. 2025

Endring av planløysing og fasadar: Er byggeløyve nødvendig?

Planar, lover og forskrifter regulerer alle endringar som blir gjort med ei hytte eller i eit hyttetun. Denne episoden vil peike på ein del av det generelle regelverket.
Les heile saka ›