Graving og fundamentering

«Den originale hytta står støtt, men tilbygga er dårleg fundamenterte.»

Knut Arne Liodden, Ålhytta

Laga av Erlend Hagen, Bård Svardal, Eldgrim Springgard og Stein Hofve.

Graving må som regel til

Graving i naturen er omstridt. Men er det først gitt løyve til å bygge hytte, er som regel graving heller ikkje til å unngå. Målet bør vera å ikkje ta hol på meir vegetasjon enn nødvendig. Denne delen omtalar graving av veg, biloppstillingsplass, drenering og fundamentering.

Og kva med tuntreet? Vil røtene overleve graving i grunnen?

Forskaling av nye fundament.

Forskaling stripefundament ny gang.

Støyping av nytt fundament.

Støyping av stripefundament.

Begge tilbygga får eit nytt stripefundament.

Veg og plass til biloppstilling

Parkeringa til hytta har vore vegskuldra i Sangefjellvegen vest for hyttetunet. Derifrå går det ein gangsti fram til hytta. Som ein del av opprustinga av hyttetunet, vart det naturleg å bygge veg inn på tomta. Men sjølve tunet skal framleis vera bilfritt. Vegen og oppstillingsplassen blir plassert på baksida av hytta med innkøyring frå Hauststølvegen. Her er også landskapet flatt og godlendt. Det blir ingen skjemmande skjering. Her blir det plass til to bilar, slik kommunen stiller krav om til hytter med veg.

Maskinelt arbeid: Graving og planering av ny innkøyring.

Drenering

I vårløysing og nedbørsperiodar blir det ståande vatn i området rundt uthus, anneks og bakre del av hytta. Vatnet gjer det i periodar vanskelegare å gå turrskodd mellom husa, og det tærer på treverket. Vatnet blir drenert vekk med ei grøft som startar vest for hytta. Grøfta kjem fram mellom uthus og hytte, og endar i området til det planlagde avløpsanlegget.

Uthus og anneks ligg lågt i terrenget. Vegetasjonen legg seg inn mot veggane.

For å sikre bygga mot råteskade, er det i tillegg til drenering, aktuelt å heve bygningane. Kanskje så mykje som 20 cm. Uthuset ligg også svært tett på annekset. Vindskiene går nesten i kvarandre. Når det likevel er snakk om flytting, kan det bli aktuelt å flytte uthuset ein meter bakover. Då blir passasjen mellom bygningane betre.

Fundamentering og refundamentering

Hytta er fundamentert med støypte pilarar under søylene. Den originale hytta står godt. Men tilbygga er ikkje godt nok fundamenterte. Det er nytta sementheller, og dette har ikkje fungert. Tilbygga i begge endar har sige ned.

Tilbygget mot aust blir jekka på plass.

Finmotorikk med gravemaskin.

Lausmassen er fjerna under austveggen.

Forskaling stripefundament.

Tilbygget mot aust blir refundamentert.

Tilbygget mot aust skal framleis stå. Denne delen av hytta blir jekka opp. Deretter blir det greve vekk lausmasse som blir erstatta med komprimert pukk. Så blir det støypt eit såkalla stripefundament under dei tre søylepunkta. Tilbygget er no refundamentert.

I andre hytteenden er tilbygget fjerna. Også det gamle inngangspartiet er fjerna. Her kjem det i staden heilt nye tilbygg, så her blir det støypt nye stripefundament.

Kan tuntreet få stå? Tuntreet er ein del av identiteten til Sangefjellvegen 123. Treet gir tunet eit feste.

Det er eit ønske å kunne ta vare på denne solide fjellbjørka. Men nødvendig graving, og grøfter, vil komme tett på treet. Vil røtene tole denne påkjenninga? Kanskje vil det vera like lurt å heller plante eit nytt tuntre?

Vegetasjon og graving: Graving må til, men tuntreet skal i første omgang få stå.

Korleis redde bjørka

Bjørkerøter går vanlegvis ikkje meir enn 60 cm ned i jorda, men dei breier seg godt utover. Som regel bør ein ikkje grave nærare stamma enn 1,5 gonger kronebreidda. Må du grave nærare, kan det vera lurt å spørje ein aborist om råd. Røter som er meir enn ein finger tjukk, og som blir skada under graving, må med det same reinskjerast med handsag eller saks.

«Unngå å rive av greiner og røtter. Lag reine snitt med sag eller saks.»

Kristian Holo, landskapsarkitekt (MNLA) og anleggsgartnermester

Kjem gravinga i konflikt med ein større del av rotsystemet, kan det vera aktuelt å fjerne lausmasse rundt røtene manuelt, med trykkluft eller sugebil. Ein minigravar øydelegg ikkje så lett viktige røter, og den kan også enklare grave seg inn under rotsystemet. Bjørk er bløder og blør sevje frå tidleg vår. For bjørka er det difor best å ta gravearbeidet etter lauvfall.

Knut Arne Liodden,
Avdelingsleiar for produksjon

Skal du gjera noko med hytta?
Vi hjelper deg!

Visste du at Ålhytta kan hjelpe deg med rehabilitering, tilbygg og anneks til alle typer hytter og hus? Kontakt våre fagfolk.

Kvifor bruke oss når du skal ruste opp Ålhytta?

For det er Ålhytta som kan Ålhytta!

I neste del som kjem 4. juli:

Rein varme – lun hytte

Mykje kan gjerast for å ta vare på varmen og redusere CO2-utsleppet. Nye vindauge, etterisolering, vindtetting, reintbrennande vedomn for å nemne noko.

Del 11

12. september. 2025

Fleksibelt byggesystem

Vår hytte på Sangefjellet blir tilbakeført og oppgradert med det originale byggesystemet. Nytt kjøkken og bad er dei store ombyggingsprosjekta.
Les heile saka ›

Del 10

5. september. 2025

Frå vaskefat til dusj

Så å seie alle nye hytter i regulerte felt har innlagt vatn og avløp. Hytter bygd nokre tiår attende i tid var gjerne utan slike fasilitetar.
Les heile saka ›

Del 9

1. august. 2025

Lys og lading

For nokre tiår sidan var hyttelivet enklare. Ei parafinlampe var gjerne lyskjelda, vedfyring var varmekjelde, og middagen vart laga til på eit propanapparat med eitt eller to bluss.
Les heile saka ›

Del 8

18. juli. 2025

Gamal beis til «besvær»

Hytteveggen må tole hardt vêr. År med vind og snøfokk slit på ytterkledningen. I solveggen turkar veggen fortare ut. Der sola ikkje slepp til vert det ofte fuktigare og kledningen kan bli utsett for svartsopp.
Les heile saka ›

Del 7

4. juli. 2025

Rein varme – lun hytte

Mykje kan gjerast for å ta vare på varmen og redusere CO2-utsleppet. Nye vindauge, etterisolering, vindtetting, reintbrennande vedomn for å nemne noko.
Les heile saka ›

Del 5

6. juni. 2025

Riving og avfallshandtering

Avfall som blir kasta skal du sortere og levere til faste mottak. Kva kan brukast om att i eige byggeprosjekt eller i andre bygg?
Les heile saka ›