Gamalt blir nytt.

«Denne serien er for alle som vil ta vare på eldre Ålhytter og som treng inspirasjon og gode råd.»

  

Laga av Erlend Hagen, Bård Svardal, Eldgrim Springgard og Stein Hofve.

Treng du eit lite dytt for å komme i gang?

Denne serien blir laga for alle som eig ei eldre hytte, eller eit hyttetun, som treng alt frå enkelt vedlikehald til ei meir omfattande oppgradering. Gjennom fjorten episodar kan du følgje med på arbeidet vårt med Sangefjellvegen 123. Sjå tidslina framover i denne episoden. Kanskje blir du inspirert? Kanskje får du nyttige tips til rehabilitering og ombygging av eiga hytte, og kanskje tek du kontakt med oss i Ålhytta. Me hjelper deg gjerne med å ta vare på hytta di; både konstruksjon, arkitektur, og rommet rundt.

Vegg mot aust treng vedlikehald.

Punktert tolags vindauge.

Tilbygget er for dårleg fundamentert.

Tilbygga i begge endar er ikkje i vater.

I sterk solvarme kan beisen krakkelere.

La gamalt bli nytt

Når er taket nådd? Kor mange hytter er det plass til i norsk natur? Det er sannsynleg at talet på nybygde hytter vil flate ut. Framover blir det kanskje meir viktig å forvalte eksisterande bygningsmasse. Ei eldre hytte kan representere ein del av kulturarven vår, og ei Ålhytte har ei historie som det er verdt å ta vare på. Difor vil Ålhytta rette søkelyset mot nettopp det å ta vare på. Ofte kan det vera mest fornuftig å la det gamle bli nytt.

«I framtida kan det bli meir viktig å forvalte eksisterande bygningsmasse.»

  

Planlegging: Nye mål til nytt interiør. Røyropplegget blir lagt om.

Ikkje berre støv.

«No må noko gjerast med den gamle familiehytta.»

  

Men viss du vil i gang med ei oppgradering: I kva ende er det best å starte?

  • Er til dømes tomtegrensa fastsett?
  • Renn det vatn inn under hytta i vårløysinga og lengre nedbørsperiodar?
  • Er hytta i forsvarleg brannteknisk stand?
  • Treng veggane etterisolering?
  • Kan brukte materialar brukast om att eller er det kast?
  • Er ny vegløysing nødvendig?
  • Er det nok straum til den nye kjøkkenløysinga?
  • Utedo var ein gong ok, men no ser alle fram til både do og dusj.
  • Og når me først er i gang, er det kanskje lurt å bygge på eit ekstra soverom?

Mange spørsmål vil dukke opp i denne myldrefasen. Då er det viktig å lage, eller få hjelp til å lage, ein gjennomtenkt plan der dei ulike tiltaka blir sett inn i ei fornuftig rekkefølge.

Gjennom sommarhalvåret 2025 vil Ålhytta, skritt for skritt, guide deg gjennom arbeidet vårt med å gjera Sangfjellvegen 123 til eit moderne hyttetun. Ålhytta håpar du kan bruke denne serien som ein vegleiar i ditt oppgraderingsprosjekt.

Planen 2025

Kvar går grensa?

Har tomtegrensa uklare grensemerke? Tomta er ikkje innteikna på offentlege kart, eller gamal dokumentasjon er vanskeleg å forstå? Treng du kanskje hjelp?

Jordskifte kan fastsette grenser.

25. april

Er hytta trygg?

Eit branntilsyn kan vurdere tilstanden på ovn, peis og pipe på eit fagleg nivå. Det er smart å be om tilsyn. I verste fall kan det bli for seint.

Branntilsyn er ei rimeleg forsikring.

09. mai

Er byggeløyve nødvendig?

Regelverket rundt byggeløyve kan framstå komplisert. Kva må byggeløyvast og kva må til av dokumentasjon (teikningar/situasjonsplan) i ulike prosjekt?

Planteikning

Fasade sør

Fasade aust

Fasade nord

Fasade vest

23. mai

Reglar for riving

Avfallshåndtering er eit eige kapittel. Det som blir kasta skal sorterast og leverast til faste mottak. Kva kan brukast om att i byggeprosjektet eller i andre bygg?

Uoriginale tilbygg skal byggast om.

06. juni

Graving og drenering

Nesten uansett må det til graving. Drenering av tomt og tuft, grøft for vatn/ straum, veg, fundamentering og refundamentering av eksisterande bygg.

Planlagt bilparkering bak hytta.

20. juni

Rein varme – lun hytte

Mykje kan gjerast for å ta vare på varmen og redusere CO2-utsleppet. Nye vindauge, etterisolering, vindtetting, reintbrennande vedomn for å nemne noko.

Varmetap gjennom dørsprekken.

04. juli

Frå vaskefat til dusj

Sangefjellvegen 123 ynskjer å gå frå vatn til vegg, til innlagt vatn og vass-klosset. Men kva seier reguleringsplanen? Og kva er alternativa for utsleppet.

Krav om jordprøver før utsleppsløyve.

18. juli

Lys og lading

Er du fornøgd med el.kapasiteten? Er lys i lampa det du treng, eller er behovet endra? Steikeomn/koketopp, elbillading? Bør jordkabel erstatte luftstrekket?

El. kapasiteten er for dårleg.

01. aug.

I vind og vêr

Ytre overflater må tåle hardt vêr. Men kva skal du bruke viss første strøket var eit naturprodukt (tjære/linolje)? Og kva om «gamle synder» boblar og flassar av?

I solveggen blir beisen turr.

15. aug.

Fleksibelt byggesystem

Vår hytte på Sangefjellet blir tilbakeført og oppgradert med det originale byggesystemet. Nytt kjøkken og bad er dei store ombyggingsprosjekta.

Ombygging til dagens standard.

29. aug.

Design som standard

Ålhytteinteriøret er tidlaust. Om gamalt skal bli nytt, er det viktig å ta vare på identiteten og å vera tru mot estetikken frå den tidsperioden hytta vart bygd.

Moderne kjøkken – tidlaust design.

12. sept.

Siste finpuss

Siste finpuss er gjort med designputer frå Systugu og gjenbruk av glas, service og bestikk.

Glas som blir med til opprusta hytte.

26. sept.

Laurdag 4. oktober 2025: Åpen dag

Kom og sjå det ferdige opprusta hyttetunet i bruk. Me gler oss til å fortelje om og vise fram arbeidet vårt.

Velkomen til Åpen dag i Sangefjellvegen 123.

«Gjennom 2025 rustar Ålhytta opp Sangfjellvegen 123 som på ein-to-tre, kan gi eigarar gode råd om å ta vare på hytta.»

  

Knut Arne Liodden,
Avdelingsleiar for produksjon

Skal du gjera noko med hytta?
Me hjelper deg!

Visste du at Ålhytta kan hjelpe deg med rehabilitering, tilbygg og anneks til alle typer hytter og hus? Kontakt våre fagfolk.

Kvifor bruke oss når du skal ruste opp Ålhytta?

For det er Ålhytta som kan Ålhytta!

I neste del som kjem 25. april:

Kvar går grensa?

Har tomtegrensa uklare grensemerke? Tomta er ikkje innteikna på offentlege kart, eller gamal dokumentasjon er vanskeleg å forstå? Treng du kanskje hjelp?

Del 1a

mars 20, 2025

Sangefjellvegen 123 – verdt å ta vare på

Gjennom 2025 rustar Ålhytta opp Sangfjellvegen 123 som på ein-to-tre, kan gi eigarar gode råd om å ta vare på hytta.
Les heile saka ›

Del 1b

april 11, 2025

Gamalt blir nytt

Me deler planen for korleis Sangefjellvegen 123 skal rustast opp for å møte dagens krav.
Les heile saka ›