Gamal beis til «besvær»
«Når det er brukt feil type dekkmåling blir veggen tett og kan rotne frå innsida».
Rune Østgård, dagleg leiar Espegard AS
Laga av Erlend Hagen, Bård Svardal, Eldgrim Springgard og Stein Hofve.
I vind og vêr
Hytteveggen må tole hardt vêr. År med vind og snøfokk slit på ytterkledningen. I solveggen turkar veggen fortare ut. Der sola ikkje slepp til blir det ofte fuktigare og kledningen kan bli utsett for svartsopp.
Denne delen handlar om vedlikehald av ytre overflater på gamle hytter.
Ei aktuell problemstilling
Dei første Ålhyttene vart beisa med eit naturprodukt, ei blanding av tjære og linolje. Denne blandinga trekte godt inn i treverket. Seinare, når det vart behov for vedlikehald, vart det ofte gjort feil. Hytta vart behandla med ein dekkbeis eller ei måling. Dette skapte ein tett film. Linolja i den opprinnelege beisen vart «stengt inne», fekk ikkje puste.
Linolja bobla opp, og det kunne også føre til krakelering av overflata. Kva kan gjerast for å ordne opp i «gamle synder»?»
Daniel Lund Godbolt, arkitekt og eigar av ei eldre Ålhytte
Ny overflatebehandling kan gjerast på fleire måtar
Her er tre alternativ:
- 1. SkrapingHar ein god tid og godt mannskap, gir skraping før ny beising eit godt resultat. Det mest skånsame er å bruke varmepistol i kombinasjon med skrape. I tillegg kan det vera lurt å gå forsiktig over med stålbørste. Det finst også mindre miljøvennlege kjemiske produkt som fjernar gamal måling. Skraping er mest aktuelt der det er måla med dekkmåling eller dekkbeis over gamal tjærebeis. Ein godt skrapa vegg kan få tilbake den opprinnelege utsjånaden. Men ved ny behandling – pass på, bruk eit produkt som pustar.
- 2. BeisingOm ein ikkje stiller for store estetiske krav, kan ein beise over gamal overflatebehandling. Det er lurt å skrape vekk synlege bobler. Svartsopp bør ein fjerne, og heile huset bør reingjerast med kost. Det finst nye tjæreprodukt, med og utan pigment, som blir anbefalt å bruke.
- 3. Skifte kledningViss ein likevel skal etterisolere, er det eit alternativ å skifte kledning. Då står ein også friare til å velje overflatebehandling. Utfordringa blir å finne produkt som passar saman med gamle søyler og takutskot. Hytta i Sangefjellvegen 123 får ny kledning, men ikkje anneks og uthus. For å vidareføre det opprinnelege uttrykket blir den nye kledningen behandla med linoljebasert tjærebeis.
Med ny kledning følgjer ofte nye glas. Nye glas kan leverast med lakkerte heildekkande aluminiumsbeslag som krev mindre vedlikehald.
Daniel Godbolt, arkitekt og eigar av ei eldre Ålhytte
«Gamle kreosottak kan vedlikehaldast med same Creololje som blir brukt på nye tretak.»
Knut Arne Liodden, Ålhytta
Vedlikehald av tak
Det er viktig å halde taket reint for lauv og mose. Med jamne mellomrom er det lurt å børste taket og sjekke om det er tett. Takrenner må reinskast for lauv og anna nedfall. Gå over med ein hammar og bank ned spiker, eller byt ut laus spiker med ein skrue.
Som ein hovudregel bør ein vedlikehalde gamle tretak med Creololje kvart tiande år. Dette gjeld også gamle kreosottak. I dag brukar Ålhytta Royalimpregnerte takbord frå Alvdal skurlag. Slike tak blir etterbehandla med Royalolje.
Avdelingsleiar for produksjon

Skal du gjera noko med hytta?
Vi hjelper deg!
Kvifor bruke oss når du skal ruste opp Ålhytta?
Byggesystem i utvikling
Byggesystemet har sidan sekstitalet hatt mange revisjonar. Når hytta skal oppgraderast er det berre Ålhytta som kjenner årsmodellen og kan hente fram dei rette løysingane.
Godt mannskap
Våre håndtverkarar har solid erfaring og kunnskap om Ålhytter.
Det er viktig for å ta vare på det unike byggesystemet og dei smarte løysingane.Heil ved og puter som passar
Vårt tilpassa interiør er laga i heiltre og varar lenge. Systugu sørger for at møbelputene passar.
Livslangt forhold
Me bygger ikkje berre nye hytter, men utfører små og store oppdrag i hytta si levetid.