Frå vaskefat til dusj

«Ved eit generasjonsskifte kjem ofte ønsket om ei oppgradering».

Harald Varlid, V&A.HALLING

Laga av Erlend Hagen, Bård Svardal, Eldgrim Springgard og Stein Hofve.

Vatn og avløp (VA)

Så å seie alle nye hytter i regulerte felt har innlagt vatn og avløp. Hytter bygd nokre tiår attende i tid var gjerne utan slike fasilitetar. Vatnet måtte berast inn. Og det vart mest brukt til drikkevatn, og til oppvask og vaskefat. Så lenge vatnet blir bore inn i hytta, er det lovleg å lage eit avløp for gråvatnet. Ei større oppgradering med innlagt vatn krev søknad om utsleppsløyve.

Jordprøver
Kvaliteten på grunnmassen bestemmer dimensjonering og type avløpsanlegg.

Lettvint med vatn

Dei fleste vil ha det lettvint og like enkelt som heime. Rennande vatn i springen, dusj, do, oppvask- og vaskemaskin tek alle for gitt. Slik er standarden også som regel i alle nye hyttefelt. Her kan det vera eigne private vassverk og reinseanlegg. Eller feltet er kopla til kommunale nett. I eldre hytter er det gjerne ved generasjonsskifte at ønsket om vatn og avløp dukkar opp.

Prøvetaking: Harald Varlid med lang VA-erfaring tek jordprøver.

Innlagt vatn

Tidlegare var det meir vanleg med ei open vasskjelde, ein brunn. Dette kan framleis vera løysinga viss det er ei frisk, open kjelde på, eller like ved tomta. Det mest vanlege i dag er å bore etter grunnvatn. I området Sangefjellvegen er det eit lite privat vassverk med høve til påkopling, like ved tomtegrensa. Med ei grøft og isolering er det enkelt å føre vatn fram til hytta. Men før dette arbeidet startar må det til ein søknad om utsleppsløyve.

Nye tider
Med innlagt vatn får hytta bad med både dusj og vassklosett.

Vatnet skal fram: Handverkarar i arbeid med vasstilførsel og bygging av bad.

Utsleppsløyve

Ein søknad om utsleppsløyve startar med å ta jordprøver. Jordprøvene gir svar på om grunnmassane i området er i stand til å ta imot sanitært avløpsvatn, både gråvatn og svartvatn.

Kva er utsleppsvatn?

Ulike typer avløpsvatn frå bustadar og hytter kort forklart:

  • Gråvatn
    • Vaskevatn frå dusj, bad, vaskemaskin og kjøkken (utan toalett).
    • Inneheld såper, feitt og organisk materiale, men normalt lågare innhald av bakteriar enn svartvatn.
  • Svartvatn
    • Vatn frå toalettet.
    • Inneheld høgt innhald av næringsstoff (fosfor/nitrogen) og sjukdomsframkallande bakteriar.
  • Sanitært avløpsvatn
    • Sum av gråvatn og svartvatn frå bustaden/hytta.
    • Treng tilpassa reinsing i tråd med lokale krav før utslepp.

I eit utsleppsløyve blir det også sjekka ut at det planlagde avløpet ikkje kjem i konflikt med andre drikkevasskjelder, vassvegar og strandsoner i området. Viss avløpsanlegget kjem inn på ein naboeigedom, må det ligge ved ei skriftleg avtale. Det er kommunen som gjer vedtak om utsleppsløyve.

«Antal sengeplassar bestemmer dimensjoneringa av eit infiltrasjonsanlegg.»

Harald Varlid, V&A.HALLING

FANN vart løysinga for oss
Med montering av FANN infiltrasjonsanlegg blir inngrepet lite.

Avløpet

Er det gode jordprøver, kan avløpet gå til eit infiltrasjonsanlegg som består av ein slamavskiljar og ei infiltrasjonsgrøft. Etter nytt regelverk blir anlegget dimensjonert etter kor mange sengeplassar det er i hytta, såkalla personekvivalentar (pe). Er det til dømes fem sengeplassar må avløpsanlegget kunne ta i mot 5 pe. Dersom jordsmonnet ikkje kan ta i mot avløpsvatnet, kan hytteeigar søke om løyve til å bruke tett tank. Dette krev tømming kvart år. Eit minireinseanlegg kan også installerast viss grunntilhøva er dårlege. Men slike anlegg krev også tømming kvart år.

Kva er FANN infiltrasjonsanlegg?

FANN leverer komplette, godkjende avløpsløysingar til hytter og bustadar – tilpassa nordiske forhold og levert som komplette pakker.

  • Høg reinseffekt og stabil drift året rundt.
  • Lite plassbehov og enkel installasjon.
  • Passiv, driftssikker løysing med lite vedlikehald.
  • Lokal støtte, service og lager i Noreg.
  • Lang levetid, CE-merka komponentar og garanti.

Sjå nettstaden til produsenten

Infiltrasjonsanlegget: Slamavskiljaren fangar opp kloakk, svartvatnet går vidare gjennom infiltrasjonsgrøfta.

«Frå slamavskiljaren renn svartvatnet gjennom reinsekassettane i infiltrasjonsgrøfta og vidare ned i jordsmonnet som tilnærma reint vatn».

Lars Tore Sundrehagen, Nordheim VVS

Knut Arne Liodden,
Avdelingsleiar for produksjon

Skal du gjera noko med hytta?
Vi hjelper deg!

Visste du at Ålhytta kan hjelpe deg med rehabilitering, tilbygg og anneks til alle typer hytter og hus? Kontakt våre fagfolk.

Kvifor bruke oss når du skal ruste opp Ålhytta?

For det er Ålhytta som kan Ålhytta!

I neste del som kjem 12. september:

Fleksibelt byggesystem

Vår hytte på Sangefjellet blir tilbakeført og oppgradert med det originale byggesystemet. Nytt kjøkken og bad er dei store ombyggingsprosjekta.

Del 11

12. september. 2025

Fleksibelt byggesystem

Vår hytte på Sangefjellet blir tilbakeført og oppgradert med det originale byggesystemet. Nytt kjøkken og bad er dei store ombyggingsprosjekta.
Les heile saka ›

Del 9

1. august. 2025

Lys og lading

For nokre tiår sidan var hyttelivet enklare. Ei parafinlampe var gjerne lyskjelda, vedfyring var varmekjelde, og middagen vart laga til på eit propanapparat med eitt eller to bluss.
Les heile saka ›

Del 8

18. juli. 2025

Gamal beis til «besvær»

Hytteveggen må tole hardt vêr. År med vind og snøfokk slit på ytterkledningen. I solveggen turkar veggen fortare ut. Der sola ikkje slepp til vert det ofte fuktigare og kledningen kan bli utsett for svartsopp.
Les heile saka ›

Del 7

4. juli. 2025

Rein varme – lun hytte

Mykje kan gjerast for å ta vare på varmen og redusere CO2-utsleppet. Nye vindauge, etterisolering, vindtetting, reintbrennande vedomn for å nemne noko.
Les heile saka ›

Del 6

20. juni. 2025

Graving og fundamentering

Graving i naturen er omstridt. Men er det først gitt løyve til å bygge hytte, er som regel graving heller ikkje til å unngå. Målet bør vera å ikkje ta hol på meir vegetasjon enn nødvendig.
Les heile saka ›

Del 5

6. juni. 2025

Riving og avfallshandtering

Avfall som blir kasta skal du sortere og levere til faste mottak. Kva kan brukast om att i eige byggeprosjekt eller i andre bygg?
Les heile saka ›