Fleksibelt byggesystem
«Berre Ålhytta kan levere originale Ålhytteelement.»
Knut Arne Liodden, Ålhytta
Laga av Erlend Hagen, Bård Svardal, Eldgrim Springgard og Stein Hofve.
Elementproduksjon
Elementa blir produsert innomhus i tørt og stabilt klima.
Ålhytta kan Ålhytta
Ålhytta har bygd modulbaserte hytter i over femti år. Med tidlaus arkitektur og prefabrikkerte standardelement fekk Ålhytta sitt særpreg. Ålhytta har alle malar i arkivet og kan difor levere tilbygg og ombyggingselement til ålhytter i alle aldrar. Uoriginale tilbygg bryt ofte med den opprinnelege arkitekturen. Ålhytta vil gjerne bidra til å ta vare på hytta di – også for komande generasjonar. Med sitt fleksible byggesystem kan Ålhytta i tillegg levere mindre bygg som passar inn i eit Ålhyttetun.
Nye modular produsert etter gamle malar sikrar stilrein arkitektur og funksjonelle romløysingar
Elementproduksjon
Modulelementa til både nye hytter og tilbygg, blir laga i fabrikklokalet vegg i vegg med hovudkontoret ved Gullhagen i Ål. Her har elementa blitt til sidan starten på sekstitalet.
Ålhytta var av dei fyrste som produserte ferdige standardelement innomhus. Slik blir produksjonen både meir effektiv og enklare, og mindre vêrutsett.
«Å bygge inne er både enklare og meir effektivt.»
Knut Arne Liodden, Ålhytta
Det kortar også ned tida på byggeplassen. Veggane kjem snøgt på plass og nybygget kan bli både vind- og fukttett før regnet kjem.
Montering
I Sangefjellvegen finn ferdige modulelement rette plassen på 1-2-3.
Skifte tak
Hytta vår på Sangefjellet har stått med same tak i meir enn femti år. Levetida vil variere, men etter førti år kan det bli nødvendig å skifte tak. Om mykje nedfall frå lauvskogen rundt har tæra på taket, eller mose har fått godt feste, kan tretak få roteskade. Tidlegare vart det nytta asfaltpapp til undertak. Med tida vil denne pappen krakelere og bli utett. Hytta vår har også fått nye tilbygg som treng tak. Då passa det godt å skifte ut både undertaket og det gamle kreosottaket. No brukar Ålhytta Royalimpregnerte takbord.
«Godt reinhald og etterbehandling forlengar levetida til taket.»
Knut Arne Liodden, Ålhytta
Nytt tak
Både undertaket, gamal asfaltpapp og kreosottaket blir skifta ut.
Flytting av hus
Mindre hus levert av Ålhytta er enkle å flytte. Husa står gjerne på pilarar eller sementblokkar som ligg rett på bakken. I hyttetunet vårt på Sangefjellet, kom uthuset svært tett på den ombygde hytta. I tillegg stod den litt for lågt i terrenget og var utsett for fukt frå vegetasjonen rundt. Med kran var det enkelt å flytte det elementbygde uthuset til nye fundament.
Enkelt å flytte
Uthuset får ny plass og tunløysinga blir betre.
Avdelingsleiar for produksjon

Skal du gjera noko med hytta?
Vi hjelper deg!
Kvifor bruke oss når du skal ruste opp Ålhytta?
Byggesystem i utvikling
Byggesystemet har sidan sekstitalet hatt mange revisjonar. Når hytta skal oppgraderast er det berre Ålhytta som kjenner årsmodellen og kan hente fram dei rette løysingane.
Godt mannskap
Våre håndtverkarar har solid erfaring og kunnskap om Ålhytter.
Det er viktig for å ta vare på det unike byggesystemet og dei smarte løysingane.Heil ved og puter som passar
Vårt tilpassa interiør er laga i heiltre og varar lenge. Systugu sørger for at møbelputene passar.
Livslangt forhold
Me bygger ikkje berre nye hytter, men utfører små og store oppdrag i hytta si levetid.