Ferdig hytte

«Den oppgraderte Ålhytta har tatt 70-talet til vår tid».

Daniel Lund Godbolt, Arkitekt og Ålhytte-eigar

Laga av Erlend Hagen, Bård Svardal, Eldgrim Springgard og Stein Hofve.

God som ny

Den tilårskomne hytta i Sangefjellvegen 123 er gjort om til ei moderne høgstandardhytte. Ei utstillingshytte som viser alt som kan gjerast med ei eldre hytte. Med etterisolering og nye vindauge har det blitt betre inneklima. Det er rydda opp i uoriginale tilbygg. Hytta har fått nytt bad, større funksjonelt kjøkken, betre soverom, ny brannsikker eldstad og ei imøtekomande dagseng i stovekroken.

Men hyttekroppen er den same, og den gamle atmosfæra sit i veggane. Dei plasseffektive, blå skuvedørene inn til soveromma er framleis i bruk. Og tuntreet har overlevd ein sommar med mykje graving.

Forvandlinga: Frå enkle kår til høgstandard.

Teknologiske framsteg og forbrukarønske endrar seg med åra. Dei fleste av oss set pris på dusj og do, kjøleskåp og stabil varme. Men det intime hyttepreget er verdt å ta vare på. Ei klassisk hytte skal ikkje ha for mykje unødvendig volum, men skal ha plass til kos og avslapping. Difor meiner me at den modulbaserte Ålhytta som vart skapt på 60-talet av visjonære arkitektar, bør vera eit samlingspunkt for familien – også i framtida.

«Hytta har same form, men har fått ein betre plan.»

Daniel Lund Godbolt, Arkitekt og Ålhytte-eigar

Stove og kjøkken
Det nye allrommet med klassisk design.

Stove

I stova er gamle møblar skifta ut med tidlaust Ålhytte-design.

Dagseng: Sofakrok med spesialtilpassa dagseng.

«Ei klassisk hytte som har tatt vare på den kompakte hyttefølelsen».

Daniel Lund Godbolt, Arkitekt og Ålhytte-eigar

Spisekrok

Naturen kjem tett på med fleire vindauge i spisekroken.

Soverom: Betre romløysing med ein god arbeidsplass.

Kjøkken

Frå eit trongt lite kjøkken til ein lys boltreplass i fellesrommet.

Soverom og bad
Med komfort og oppdaterte fasilitetar.

Baderom

Frå vaskefat til plasseffektivt bad med både dusj, do, vask og vaskemaskin.

«Det er rydda opp i uoriginale tilbygg.»

Daniel Lund Godbolt, Arkitekt og Ålhytte-eigar

Eldstad: Reintbrennande omn erstattar den gamle eldstaden.

Smarte løysingar: Med lite areal må alle krokar nyttast godt.

Nytt soverom

Gamalt tilbygg er bytta ut med ein heil Ålhytte-modul. Her vart det plass til eit nytt nisjesoverom med sengeplass til to.

Uterommet
Rommet er utvida og tuntreet har fått meir plass.

Uterommet etter flyttinga av uthuset

Det er rydda opp i uoriginale tilbygg, og hyttekroppen har funne attende til det opprinnelege. I tillegg vart tunet opnare etter ei vellykka flytting av uthuset.

«Eg trur aldri me har gjort så mykje på éi hytte før.»

Knut Arne Liodden, Ålhytta

Nytt rom: Inngangspartiet har fått plass til ei bod.

Åpen dag

For omlag eitt år sidan inviterte Ålhytta til Åpen dag i Sangefjellvegen 123. Mange møtte fram og fekk ei orientering før forvandlinga. No er jobben gjort, og resultatet vart presentert 4. oktober, 2025. Omlag 50 personar trossa snøvêret og tok turen innom den nygamle hytta.

Gjekk du glipp av dagen? Ta kontakt med Ålhytta. Me kan ordne ei omvising.

Knut Arne Liodden,
Avdelingsleiar for produksjon

Skal du gjera noko med hytta?
Vi hjelper deg!

Visste du at Ålhytta kan hjelpe deg med rehabilitering, tilbygg og anneks til alle typer hytter og hus? Kontakt våre fagfolk.

Kvifor bruke oss når du skal ruste opp Ålhytta?

For det er Ålhytta som kan Ålhytta!

Prøvebu Sangefjellvegen 123

Går du med tankar om oppgradering? Alt inkludert eller litt mindre omfattande? Du kan prøvebu Ålhytta her i Sangefjellvegen 123.

Ta kontakt ›

Del 12

26. september. 2025

Design som standard

Ålhytteinteriøret er tidlaust. Om gamalt skal bli nytt, er det viktig å ta vare på identiteten og å vera tru mot estetikken frå den tidsperioden hytta vart bygd.
Les heile saka ›

Del 11

12. september. 2025

Fleksibelt byggesystem

Vår hytte på Sangefjellet blir tilbakeført og oppgradert med det originale byggesystemet. Nytt kjøkken og bad er dei store ombyggingsprosjekta.
Les heile saka ›

Del 10

5. september. 2025

Frå vaskefat til dusj

Så å seie alle nye hytter i regulerte felt har innlagt vatn og avløp. Hytter bygd nokre tiår attende i tid var gjerne utan slike fasilitetar.
Les heile saka ›

Del 9

1. august. 2025

Lys og lading

For nokre tiår sidan var hyttelivet enklare. Ei parafinlampe var gjerne lyskjelda, vedfyring var varmekjelde, og middagen vart laga til på eit propanapparat med eitt eller to bluss.
Les heile saka ›

Del 8

18. juli. 2025

Gamal beis til «besvær»

Hytteveggen må tole hardt vêr. År med vind og snøfokk slit på ytterkledningen. I solveggen turkar veggen fortare ut. Der sola ikkje slepp til vert det ofte fuktigare og kledningen kan bli utsett for svartsopp.
Les heile saka ›

Del 7

4. juli. 2025

Rein varme – lun hytte

Mykje kan gjerast for å ta vare på varmen og redusere CO2-utsleppet. Nye vindauge, etterisolering, vindtetting, reintbrennande vedomn for å nemne noko.
Les heile saka ›

Velkomen