Er hytta trygg?

«Avdekker branntilsynet alvorlege avvik, kan hytteiegaren få fyringsforbod.»

Branninspektør Kjell Arne Liahagen,
Hallingdal brann- og redningsteneste

Laga av Erlend Hagen, Bård Svardal, Eldgrim Springgard og Stein Hofve.

Bålet i hytta
Ingenting er som peiskos

Lun og god stemning

Knitrande vedkubbar gir lun og god stemning og ei triveleg ramme rundt matbordet og i godkroken. Og så dette då; etter turen kunne fyre opp i omnen. Kjenne varmen og tørke tøy. Slik vil mange ha hyttelivet. Vedfyring er både kos og oppvarming. Men når du tenner på dette bålet inne i hytta, er det viktig å ha kontroll. Både eldstad og pipeløp kan vera ei brannfelle. Ofte er det vanskeleg for ein lekmann å vurdere tilstanden. Er du usikker kan det vera ei rimeleg forsikring å be om branntilsyn.

Fra ved til varme: Vedlager i fokksnø. Tørr ved brenn best.

Eit tilsyn vil avdekke brannfeller

Eldstad, omnsrøyr og pipeløp kan ha lang levetid. Det er tilstanden som avgjer. Særleg i eldre hytter kan det vera fleire ulike brannfeller:

«Når du fyrer opp bål inni eit hus, må du ha kontroll.»»

Branninspektør Kjell Arne Liahagen,
Hallingdal brann- og redningsteneste

Omnsrøyr og pipeløp.
Eit vanleg pipeløp er av teglstein, leca eller stål. Teglstein og lecapiper kan etter lang tids bruk sprekke, og innvendig murpuss kan forvitre. Å sette inn eit innvendig stålrøyr kan vere løysinga. For stålpiper er det særleg takgjennomgangen som er kritisk. Ei stålpipe er sett saman av to stålringar med isolasjon mellom. I eldre stålpiper kan isolasjonen sige ned under takgjennomgangen. Utan isolasjon kan treverket rundt pipa ta fyr. Fleire hyttebrannar dei siste åra har starta på denne måten.

Eldstaden
Omnen eller peisinnsatsen må ikkje ha synlege sprekkar. Det gir unødvendig varmetap, og avgassar kjem inn i rommet. I tillegg kan treverk ta fyr.
I eldre peisomnar manglar ofte ei skråstilt varmeplate som hindrar flammane å slå opp i pipeløpet. Då forsvinn mykje varme til kråkene, og pipa er meir sårbar ved sotbrann.

Brannplate/brannmur.
Feil montert brannplate eller for dårleg brannmur kan føre til ulmebrann i treverket bak. Type eldstad bestemmer om det er behov for brannplate eller brannmur. Ofte er det krav om eit luftrom mellom brannplata og veggen bak. Forskrifter definerer kravet i kvart enkelt tilfelle.

Etter eit branntilsyn blir det laga ein rapport over manglar og avvik. For dårleg avstand og tilstand er vanlege avvik. Avvik må følgjast opp innan ein månad med ein tiltaksplan. Er avviket graverande kan hytteeigaren få fyringsforbod til feilen er retta. Eit forbod er strengt, men er til det beste for både hytteeigar og miljø.

Alle som har Selkirkpipe bør be om tilsyn.

Tiltak etter tilsyn i Sangefjellvegen 123

Branntilsynet avdekte fleire manglar og avvik som blir tatt inn i renoveringsarbeidet.
Det viktigaste blir å bytte ut både pipeløpet og peisomnen i hovudhytta. I annekset må i alle fall pipeløpet skiftast ut. Begge pipeløpa er av merket Selkirk som var mykje nytta frå 70-talet og fram til på 2000-talet. Det er avdekka alvorlege manglar ved mange av desse pipene. Difor bør alle med ei slik pipe be om tilsyn.

Flammane i peisomnen i hytta går direkte opp i pipeløpet. Dette gir, i tillegg til pipeslitasje, dårleg varmeøkonomi. Rådet frå branntilsynet er å byte både pipeløp og peisomn. Ei moderne reintbrennande omn vil også halvere forbruket av brensel.

Brannplata i annekset har ingen produktdokumentasjon. Difor kan ingen vite om brannplata tilfredsstiller dagens krav. Fordi dette er usikkert og fordi pipeløpet har avvik, vurderer Ålhytta å nøye seg med elektrisk oppvarming i annekset.

Kan ryke: Usikkert om brannplata bak omnen i annekset tilfredsstiller kravet. Selkirkpipa er ikkje lenger godkjent.

Førebygging og sløkkemiddel

I alle bueiningar, også hytter, er det krav om sløkkemiddel. Enten ein slange med sikkert vatn eller eit pulver/skumapparat. Pulver er det einaste som toler frost. Men hugs, eit pulverapparat varar ikkje evig. Enkelt vedlikehald kan forlenge levetida.

Det er også krav om varsling. Røykvarslarar skal dekke kjøkken, stove og areal utanfor soverom. I større hytter blir seriekopling anbefalt. Bytt batteri ein gong i året. Har hytta stått tom lenge, er det god rutine å sjekke røykvarslarane ratt du kjem inn døra. Det bør minst vera to røykvarslarar. Det kan bli fatalt å legge ansvaret for eige liv på den eine varslaren som svikta.

«Nye, reintbrennande omnar er meir effektive. Mindre varme går ut gjennom pipa».»

Branninspektør Kjell Arne Liahagen,
Hallingdal brann- og redningsteneste

Fyringstips

  • Sørg for at veden er tørr.
  • Les brukarmanualen for eldstaden.
    Korleis bør ilegget vera? Korleis regulere trekken? Korleis få best varmeeffekt?
  • Moderne reintbrennande omnar stiller krav til god lufting.
    Til betre hytta blir isolert og tetta igjen, til viktigare blir det med gode lufteventilar.
  • Det mest varmeøkonomiske er å føre kald uteluft direkte inn gjennom omnen.
  • Bruk av kjøkkenvifte kan påverke trekken i pipa.
  • Søppel skal ikkje inn i ein vedomn.
    Det gir miljøskadelege avgassar, og det kan bli eit brannfarleg belegg i pipeløpet.
  • Papir og papp skal ikkje i omnen.
    Store flammar kan i neste omgang starte ein pipebrann.
Knut Arne Liodden,
Avdelingsleiar for produksjon

Ålhytta er forhandlar og kan levere ny eldstad.

Visste du at Ålhytta kan hjelpe deg med rehabilitering, tilbygg og anneks til alle typer hytter og hus? Kontakt våre fagfolk.

Kvifor bruke oss når du skal ruste opp Ålhytta?

For det er Ålhytta som kan Ålhytta!

I neste del som kjem 23. mai:

Er byggeløyve nødvendig?

Regelverket rundt byggeløyve kan framstå komplisert. Kva må byggeløyvast og kva må til av dokumentasjon i ulike prosjekt?

Del 13

10. oktober. 2025

Ferdig hytte

Frå enkel standard til ei moderne høgstandardhytte. Men atmosfæra er tatt vare på.
Les heile saka ›

Del 12

26. september. 2025

Design som standard

Ålhytteinteriøret er tidlaust. Om gamalt skal bli nytt, er det viktig å ta vare på identiteten og å vera tru mot estetikken frå den tidsperioden hytta vart bygd.
Les heile saka ›

Del 11

12. september. 2025

Fleksibelt byggesystem

Vår hytte på Sangefjellet blir tilbakeført og oppgradert med det originale byggesystemet. Nytt kjøkken og bad er dei store ombyggingsprosjekta.
Les heile saka ›

Del 10

5. september. 2025

Frå vaskefat til dusj

Så å seie alle nye hytter i regulerte felt har innlagt vatn og avløp. Hytter bygd nokre tiår attende i tid var gjerne utan slike fasilitetar.
Les heile saka ›

Del 9

1. august. 2025

Lys og lading

For nokre tiår sidan var hyttelivet enklare. Ei parafinlampe var gjerne lyskjelda, vedfyring var varmekjelde, og middagen vart laga til på eit propanapparat med eitt eller to bluss.
Les heile saka ›

Del 8

18. juli. 2025

Gamal beis til «besvær»

Hytteveggen må tole hardt vêr. År med vind og snøfokk slit på ytterkledningen. I solveggen turkar veggen fortare ut. Der sola ikkje slepp til vert det ofte fuktigare og kledningen kan bli utsett for svartsopp.
Les heile saka ›