Design som standard
«Interiøret er plasseffektivt fordi det er teikna til hytta.»
Aud Steinkjer, Ålhytta
Laga av Erlend Hagen, Bård Svardal, Eldgrim Springgard og Stein Hofve.
Hytta før oppgradering
Tradisjonelt og triveleg, men lite Ålhytte-interiør.
Tidlaust og plasseffektivt
Interiøret i ei Ålhytte har vore med på same tidsreisa som sjølve hytta, og er i stadig og stødig utvikling. På jakt etter gode løysingar. Men du er aldri tvil. Hytta er ei Ålhytte og interiøret er til å kjenne att. Møblar og anna interiør var frå første stund ein integrert del av hytta. Slik er det framleis. God plassutnytting med romtilpassa løysingar går aldri av mote.
Kjøkken og bad
I den gamle hytta i Sangefjellvegen 123 var det knapt kjøkken, og i eit lite tilbygg var det rigga til eit svært enkelt bad. Meir straum og innlagt vatn og avløp bana veg for ei større oppgradering. Det knøttvesle kjøkkenet med ein enkel vaskekum og ei kokeplate, er fjerna. I den nye opne kjøkkenløysinga er det funne plass til både oppvaskmaskin, koketopp, steikeomn og kjøl/fryseskåp. Dei gamle skåpdørene i furu er bytta ut med trelags askedørar. Trevirke av ask er hardare og meir stabilt enn furu.
«Me prioriterte å bruke meir plass til eit oppgradert kjøkken.»
Aud Steinkjer, Ålhytta
Montering
Skrog, frontar og benkeplate i heiltre.
Sangefjellvegen 123 er ei lita hytte. Det nye baderommet er ikkje større enn det må vera. Med plasseffektive løysingar er det likevel blitt plass til både romsleg dusj, vassklosett, vask – og vaskemaskin.
Frå fjøl til fjør
Stova er samlingsplass og opphaldsrom for hyttefolket. Dei fleste måltid foregår rundt matbordet med naturen tett på. Og i sofakroken står ei spesialtilpassa dagseng. Dagseng er fast inventar og eit varemerke i alle nye Ålhytter. Ein god krok å krype opp i med favorittboka, eller for ein liten høneblund. Ønsket er å ta vare på identiteten til hytta. Difor blir også originale møblar brukt om att, men gjerne i kombinasjon med nyskaping frå interiørarkitektane i Ålhytta. Eit eksempel er den nye sofabenken, der skumplast på harde fjøler er bytta ut med ein fjørmadrass.
«Dagsenga er eit varemerke for Ålhytta og er med i alle nye hyttevariantar.»
Aud Steinkjer, Ålhytta
Systugu har vore viktig for Ålhytta sidan oppstarten på 60-talet. Her blir det laga formsydde puter. Spesielle mål er ingen hindring. Systugu lagar også blendingsgardiner i ull til bruk på soverom. Ein annan lokal leverandør lagar dei spesialtilpassa furugardinene som har blitt del av den klassiske utsjånaden til ei Ålhytte.
Signaturmøbel
Dagseng med puter frå Systugu.
«Systugu leverer alt i tekstil. Det er ein viktig del av Ålhytte-interiøret.»
Aud Steinkjer, Ålhytta
Soverom
I den oppgraderte hytta i Sangefjellvegen 123 har det vorte plass til eit ekstra soverom, og ombygginga gir ei betre romløysing. Ingen treng lenger å gå gjennom soverommet for å komme til badet. Og det største soverommet har fått plass til ein liten arbeidsbenk under eine vindauget. Alle sengene blir bygd ferdige i soverommet. Resultatet blir ei kompakt løysing utan daudplass. Garderobeskåp er også produsert etter mål som passar inn i modulen. Under alle senger er det støvtette skuffar til oppbevaring.
Plassbygde senger
Alt har sin tilmålte plass.
Smått og smart
Sangefjellvegen 123 er frå 70-talet. Den gongen var Ålhyttemodulane mindre. Plasseffektive løysingar blir ekstra viktige. Ved ombygging vart veggen mellom kjøkken/stove og gang forma som ein S. Med dette fekk gangen ei nisje til skohylle og garderobeplass. Kjøkkenet på motsett side fekk ei passe stor nok nisje til kjøl/fryseskåp. Og for det tredje vart det eit tydeleg dele mellom gang- og opphaldsareal. Reine kinderegget.
Avdelingsleiar for produksjon

Skal du gjera noko med hytta?
Vi hjelper deg!
Kvifor bruke oss når du skal ruste opp Ålhytta?
Byggesystem i utvikling
Byggesystemet har sidan sekstitalet hatt mange revisjonar. Når hytta skal oppgraderast er det berre Ålhytta som kjenner årsmodellen og kan hente fram dei rette løysingane.
Godt mannskap
Våre håndtverkarar har solid erfaring og kunnskap om Ålhytter.
Det er viktig for å ta vare på det unike byggesystemet og dei smarte løysingane.Heil ved og puter som passar
Vårt tilpassa interiør er laga i heiltre og varar lenge. Systugu sørger for at møbelputene passar.
Livslangt forhold
Me bygger ikkje berre nye hytter, men utfører små og store oppdrag i hytta si levetid.